Johan Rye Holmboe
Johan Rye Holmboe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1863 Tromsø kommune |
Død | |
Yrke | politikar, forretningsdrivande |
Språk | norsk |
Politisk parti | Frisindede Venstre |
Far | Conrad Holmboe |
Johan Henrik Rye Holmboe (28. november 1865–29. mai 1933) var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tromsø. Han var stortingsrepresentant for Frisinna Venstre frå 1919 til 1927, provianteringsminister 1920-21 og handelsminister 1923-24.
Holmboe var son til ein grosserar. Han arbeidde i yngre år for faren. I 1882-83 gjekk han i lære på eit forretningskontor i Skottland, og i 1885/86 studerte han fiske-bedrifter på austkysten av Nord-Amerika. Ei tid etter han kom heim til Noreg starta han opp eiga forretning i Tromsø og i 1888 ein tønnefabrikk. Han dreiv også eksporthandel med fisk, og fekk i 1907 bygt ein sildemjøl- og tranfabrikkk. Elles var han frå 1892 direktør for Haalogaland Dampskibsselskap, og frå 1896 for Tromsø Amts Dampskibsselskab.
Også politisk spelte Holmboe ei sentral rolle i Tromsø. Han var medlem i bystyret i samanhengande 42 år, 1889 til 1931, dei fleste åra i formannskapet. Frå 1919 til -27 var han stortingsrepresentant, fyrste tre åra for kjøpstadene i Nord-Noreg, sidan for Troms fylke. På Stortinget var han sekretær i Protokollkomiteen til han 21. juni 1920 vart leiar av Provianteringsdepartementet i Otto B. Halvorsen si fyrste regjering. Ganske nøyaktig eitt år seinare gjekk regjeringa av, og Holmboe var så medlem i Militærkomiteen frå juni 1921 til 6. mars 1923. Då vart Holmboe utnemnd til handelsminister i Halvorsens andre regjering. Han fekk behalde statsrådposten også etter at Halvorsen døydde i mai månad, og Abraham Berge tok over som leiar av regjeringa. I juli 1924, på tampen av sesjonen, måtte Berge-regjeringa gå av. Holmboe var heile valbolken 1925-27 medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.
Til liks med statsministeren og alle statsrådane i Berge-regjeringa, vart Holmboe i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa var tiltalt for ikkje å ha informert Stortinget om at ho hadde gitt statsstøtte til Den norske Handelsbank. Saka enda med at alle dei tiltale vart frifunne i mars 1927.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2011-05-27 ved Wayback Machine.
- Einskildmenn
- Fødde i 1865
- Døde i 1933
- Norske provianteringsministrar
- Norske handelsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Halvorsen I
- Statsrådar i Regjeringa Halvorsen II
- Statsrådar i Regjeringa Berge
- Frisinnede Venstre-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1919-1921
- Stortingsrepresentantar 1922-1924
- Stortingsrepresentantar 1925-1927
- Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre
- Folk frå Tromsø