Last ned Firefox

Firefox er ikkje lenger støtta på Windows 8.1 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox er ikkje lenger støtta på macOS 10.14 og tidligare versjonar.

Last ned Firefox ESR (Extended Support Release) for å bruke Firefox.

Firefox personvernerklæring

Tilpass Firefox-nettlesaren din

Firefox-tema lèt deg endre utsjånaden til nettlesaren. Dei stiller inn fargeskjemaet for nettlesarmenyar og Firefox systemsider, og kan til og med leggje til eit bakgrunnsbilde i verktøyfeltet til Firefox.

Firefox kjem med eit standardsystem-tema, og det er førehandslasta med lyse, mørke og fargerike variantar.

Bilde av standardtemaet som følgjer med Firefox, og som viser lyse, mørke og fargerike variantar.

Du kan finne fleire gratis tilpassa tema på addons.mozilla.org. Bla i høgast vurderte, populære og mest tilrådde tema. Eller leite etter tema etter kategori, inkludert musikk, sesongprega, sport og natur. Skreddarsy opplevinga di etter din smak. Søte dyr, vonde robotar, vakre landskap — det finst tusentals alternativ for å gjere Firefox til din eigen.

Bilde av tre tilpassa Firefox tema: eitt mørkt lilla og rosa tema med kvite og oransje aksentar, eit lysbeige tema med ei akvarellmåling av fuglar og kirsebærsblomar, og eit mørkt svart og grønt tema med eit høgteknologisk kretskoplingsmønster.