Romsonden Akatsuki
Utsjånad
Akatsuki ('daggry' på japansk) er ein JAXA-sonde som går i bane kring Venus. Hovudraketten til sonden fungerte ikkje då sonden skulle plassera seg i bane kring Venus i desember 2010, og fyrst på den andre freistnaden 7. desember 2015 gjekk Akatsuki inn i bane kring Venus.[1]
Sonden har mellom anna som mål å studera dynamikken i venusatmosfæren og å leita etter spor etter vulkansk aktivitet og lyn på Venus.[2]
Akatsuki vart skoten opp 20. mai 2010 frå Tanegashima med ein H-IIA-rakett.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NASA Scientists Applaud Japanese Spacecraft Akatsuki’s Successful Rendezvous with Venus - NASA
- ↑ 2,0 2,1 Akatsuki Arkivert 2017-03-28 ved Wayback Machine. - NSSDC