Hopp til innhald

Cahors

Koordinatar: 44°27′N 01°26′E / 44.450°N 1.433°E / 44.450; 1.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cahors
Pont Valentré
Pont Valentré
Pont Valentré
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Lot
Geografi
Flatevidd 64,72 km²
Flatevidd
 - By

64,72 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

20 003
  309/km²
Koordinatar 44°27′N 01°26′E / 44.450°N 1.433°E / 44.450; 1.433
Høgd over havet 130 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-cahors.fr

Cahors (oksitansk: Caors) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture i departementet Lot. Byen ligg dramatisk til med elva Lot på tre sider, kjend som presqu'île eller nesten øy. I dag er han kanskje mest kjend som senteret for den vidkjende «svarte» vinen AOC, som har vorte laga og produsert frå Bordeaux sidan mellomalderen, lenge før regionen utvikla sin eigen vinindustri.

Cahors har hatt ei rik historie sidan keltisk tid, sjølv om det har gått nedover økonomisk sidan mellomalderen og han mista universitetet sitt på 1700-talet. I dag er byen ein populær turistby, der turistar kjem frå oppleve mellomalderstrøket og den unike brua Valentré frå 1300-talet.

Cahors var ein framståande by i mellomalderen og var involvert i Hundreårskrigen og Hugenottkrigen. Han var òg berykta på den tida for å ha bankmenn som tok renter på låna sine. I følgje kyrkja vart dette rekna som ei synd (åger), og på grunn av dette vart Cahors synonymt med synd og vart nemnd i Dante sitt Inferno i lag med Sodoma som ein ond stad.

Pave John XXII, fødd Jacques Duèze eller d'Euse, vart fødd i Cahors i 1249 som son av ein skomakar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cahors