Hopp til innhald

Treeiningssundag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Treeiningssundag markerer i kristen liturgi at Faderen, Sonen og Heilaganden er eitt i treeininga. Etter eit «festhalvår» med markering av inkarnasjonen av Gud i jula, Jesu oppstode i påska og Heilagandens komme i pinsa, følgjer eit «arbeidshalvår» med andeleg vekst som tema i kyrkja. Det vert symbolisert ved at den liturgiske fargen for treeiningstida er grøn.

Treeiningssundagen har opphav i gamal feiring av pinsa, som voks som høgtid i oldkyrkja, og etter kvart fekk sin eigen oktav, ein åtte dagars pinsefeiring som vart avslutta med treeiningssundagen.

Sundagane som følgjer frå treening og ut november månad var tidlegare nummerert som fyrste til 26. sundag etter treeining (tidlegare etter trefoldighet, etter trefoldighed eller etter trinitas). No får sundagane i andre halvdelen av kyrkjeåret, treeiningstida, nummeret rekna etter pinsa.