Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Njardarlogar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. november 2013 kl. 03:24 av Bjoertvedt (diskusjon | bidrag) (wa)
Arkiv

Archive

I do NOT translate articles from other wikipedias on request! Thank you!



>> Byrja nytt emne <<

Det skandinaviske flagget

Hei. Eg såg du hadde vore innom sidan om Skandinavia. Eg fann det skandinaviske flagget på ein av wikipedia-sidene om flagg, men eg finn ikkje igjen den sida. Eg kan gje melding om eg finn igjen sidan. MVH Megnorge 1. mars 2011 kl. 11:43 (CET)[svar]

Hei sann. Wikipedia kan ein ikkje nytta som ei autoritativ kjelda, du lyt finna flagget ein annan stad òg. Njardarlogar 1. mars 2011 kl. 18:42 (CET)[svar]

endringar i Infoboks land

Parameteren norsk namn er kopla opp mot malane som hentar ut folketal, areal og BNP-info automatisk. Alle endringar her vil føre til feil i infoboksen. Ellers må namnet òg endrast i malane. --Frokor 3. april 2011 kl. 10:32 (CEST)[svar]

Det er mest naturleg at det er det fulle namnet som er oppgjeve i infoboksen; sjå t.d. snl.no og en:. Njardarlogar 3. april 2011 kl. 10:34 (CEST)[svar]
Det er det same for meg, men i så fall må det endrast alle stader. --Frokor 3. april 2011 kl. 10:40 (CEST)[svar]
Ja, men eg trudde det berre var tala om nokre få stader sidan det var annleis sist eg sjekka. Eg har ikkje tid til å endra alt dette no, so eg rullar det attende for no. Njardarlogar 3. april 2011 kl. 10:41 (CEST)[svar]
(endringskonflikt) Me kan ha to parametrar; ein for det vanlege namnet og ein for det fulle offisielle namnet (og omsetjing). --Ranveig 3. april 2011 kl. 10:42 (CEST)[svar]

Infoboks Donoúsa

Hei! Eg ser du har sett inn att infoboksen for Donoúsa som eg hadde fjerna. Eg vil gjerne grunngi fjerninga litt nærare. Eg held for tida på med eit Sisyfos-arbeid med 1) å syte for rett (og konsekvent) transkripsjon av greske namn, 2) å ajourføre Hellas-relaterte sider i samsvar med administrasjonsreformen i Hellas som vart vedteken i 2010 og som er innført frå 2011. Eg forsøker samstundes å gjere presentasjonen mest mogleg konseistent, slik at likt blir handsama likt. Eg har starta med periferien Dei sørlege egeiske øyane (Dodekanesane og Kykladane). Her er det store endringar i kommunesamansetjinga. Mellom anna er dei små Kykladane Donoúsa, Koufonísia, Skhinoúsa og Iráklia ikkje lenger eigne kommunar, men inngår i den nye kommunen Náxos og dei små Kykladane. Eg syntest det var "urimeleg" at Donoúsa var den einaste av desse med infoboks, og difor tok eg han bort. Slik framstår desse fire øyane som "likeverdige". Dersom du ser nærare etter, vil du oppdage at det ikkje står noko i infoboksen om Donoúsa som ikkje står i artikkelen. Eg har òg teke bort eit par andre infoboksar på små Kyklade-øyar utan busetnad, for der synest eg rett og slett det ser dumt ut (med overskrift Demografi og folketal 0). Vil du gjerne ha boksen på Donoúsa, skal eg ikkje insistere, men eg ville berre forklare kvifor han vart borte. Bsete helsing T*U 7. april 2011 kl. 17:43 (CEST)[svar]

Hei. Me har ingen krav til at det som står infoboksen ikkje skal stå i artikkelen. Ein infoboks er ein grei måte å henta ut relevante tal om emnet (sjølvsagt serleg når artiklane vert lange). Slik som eg ser det, ville det vore betre å leggja inn ein infoboks i t.d. Skhinoúsa for å få balanse i systemet. Njardarlogar 7. april 2011 kl. 18:43 (CEST)[svar]
Jau, eg skjønar nytten, og eg har alt lagt inn fleire infoboksar på øyar i Dodekanesane som ikkje hadde slike. Eg skal halde fram med det, men eg bruker nok heller tid på å lage infoboksar for viktigare øyar. Eg kjem til å ta bort ein og annan boks for ubygde steinknausar, men eg kan love at eg ikkje skal ta bort infoboksar for øyar med busetnad. Så får vi sjå om eg får tid til å lage fleire boksar for øyar på nivå med Donoúsa etter kvart. Førebels har eg meir enn nok med transkripsjonen og dei nye kommunane, periferiane og periferieiningane. Beste helsing T*U 7. april 2011 kl. 20:16 (CEST)[svar]

Kjelde/bakgrunnsstoff

Eg har eit spørsmål til deg som administrator, som eg ynskjer du kunne gjeve meg svar på: Kva er skilnaden på kjelder og bakgrunnstoff? Har ordet referansar noko å gjera på Nynorsk Wikipedia? Jarhaugin 22. juni 2011 kl.00:07 (UTC)

Eg svarer sidan eg er innom: Kjelder er det ein har nytta for å skriva artikkelen. Nokon liker å skriva referansar i staden for det eller for fotnotar. Bakgrunnsstoff er det ein lesar kan bruka for å finna ut meir om emnet, og kan omfatta lesestoff på nett eller papir, bilete, lyd og video. Om ein nytter ein kjelde som har meir interessant stoff å by på, kan ein også leggja han inn under Bakgrunnsstoff. --Ranveig 22. juni 2011 kl. 02:14 (CEST)[svar]
Hadde du orka å køyre ein robot som rettar Bakgrunnstoff/Bakgrunsstoff (og liknande) til Bakgrunnsstoff? Det er eit hav av slike skrivefeil her. --Fleinn 29. juni 2011 kl. 01:31 (CEST)[svar]
Eg lurer på om ikkje Bep hadde ein rutine for dette. Njardarlogar 29. juni 2011 kl. 14:23 (CEST)[svar]

Utestenging av brukar

Sidan De er administrator på Nynorsk Wikipedia, hadde eg ein "førespurnad" (eller problemstilling, dersom det passar betre) De burde taka på alvor. Eg vonar De tek deg litt av tidi di og sjå på akkurat dette. Fyrst; har De "makt" til å gjera dette?

Vedkomande, ergo Midtaustenkonflikten-mannen som forstått skriv om Midtausten(-konflikta), har eit lite nyansert og balansert syn på andre brukarar sine synspunkt, oftare politiske. Det kan vera at eg overdriver – sidan eg har mi politiske standpunkt i Raudt, men denne brukaren angrip og heng ut sosialistar (og kommunistar) og deira artiklar (jamvel om noko er distré). Spesielt når brukar kategoriserer dei (artiklane) som sosialismepropaganda. Brukaren nemnar eit ynskje om fremjing av kapitalismen. Dette tyder at brukaren motseier seg sjølv, sidan brukaren vil at "sosialistane" skal vera objektive. Artiklane åt Midtaustenkonflikten-mannnen er Israel-venlege og lite objektive. Dette kan De sjå nærare på sjølv om De vil. Vonar at eg ikkje støta eller provoserte grunna dette emnet. Takk. Jarhaugin 26. juli 2011 kl. 21:21 (UTC)

Ja, me kan blokkere brukarar om det er naudsynt. Som du kan sjå av brukardisuksjonssida til brukaren, så har dette vore eit heitt tema før, og eg ser i loggen at han er alt blokkert (eller utestengd) for evig tid (eller til nokon hevar blokkeringar). Om desse artiklane framleis står med subjektive synspunkt, så er jo det synd, for dei har nok stått slik lenge. Du er hjarteleg velkommen til å rydde opp i artiklane om du ønsker det. --Frokor 26. juli 2011 kl. 22:55 (CEST)[svar]
Som Frokor seier og som ein kan lesa på bidragssida til brukaren, so er han blokkert utan avgrensing. Det er òg slik at eg og alle dei andre administratorane kan blokkera brukarar og IP-adresser. Eg kan ikkje kommentera noko kring denne serskilde brukaren sidan han vart blokkert før eg kom til Wikipedia. Eg difor har ikkje har sett meg inn i saka. Njardarlogar 26. juli 2011 kl. 23:22 (CEST)[svar]

Removal of global bot status

Hello Njardarlogar. Your global bot (KhanBot) is now inactive for a while. Do you need the global bot status anymore, or could it be removed ? Thanks. -- Quentinv57 15. oktober 2011 kl. 15:59 (CEST)[svar]

It doesn't really exist anymore, as I have changed its name to NjardarBot. I guess the global bot status can not follow the name change, so I guess I (eventually) would have to apply again anyhow. Njardarlogar 16. oktober 2011 kl. 14:07 (CEST)[svar]
Why did you change the username ? If it becomes a global bot, will you continue interwiki work ? That could be a nice compromise :D -- Quentinv57 20. oktober 2011 kl. 17:59 (CEST)[svar]
I changed the username of the regular account, and so I wanted the bot to follow suit. I don't have time for the interwiki bot for the time being, so just remove the flag from KhanBot, and then we'll see if I'll apply for NjardarBot at some point later. :-) Njardarlogar 20. oktober 2011 kl. 18:13 (CEST)[svar]
Okay, thanks. I just removed the global bot flag. Cordially, -- Quentinv57 29. oktober 2011 kl. 11:20 (CEST)[svar]

Infoboks

Eg har nokre problemar med å få denne infoboksen riktig. Kunne eg fått hjelp med dette? --Jarhaugin 26. oktober 2011, kl. 18:27 (UTC)

Parameteren «bakgrunn» vert nytta til å gje forskjellige bakgrunnsfarge i infoboksen alt etter om det er soloartist, band, instrumentalist, produsent osv. Set ein inn feil innhald der så vert det krøll. Det står nedst i Mal:Infoboks musikkartist kva innhald som kan nyttast i samband med bakgrunn. --Frokor 26. oktober 2011 kl. 18:32 (CEST)[svar]

Stjernebilde

Hallo! Eg ser du byttar namn på ein del stjernebilde. Har du kjelder på at dei nye namna er rette? --KRISTAGAα-ω 27. oktober 2011 kl. 18:43 (CEST)[svar]

Hei. Desse namna på stjernebileta er vel alle i utgangspunktet omsette frå latinsk/engelsk, og då er i stor grad rett namn eintydig med rett omsetjing. Eg reknar med at namn av typen <adjektiv i bunden form> <substantiv i ubunden form> er lånte direkte frå dansk, sidan dette er ei sjeldan formulering på norsk. Ein vil vidare finna ein inkonsistens i namna; på to vis:
  • alle namna var i bunden form, utanom dei som var på forma adjektiv + substantiv
  • det fanst namn som «Den sørlege fisken» attåt «Sørlege krone», sjølv om båe namna burde vore på same forma
Ser ein etter kva dei danske namna er, vil ein sjå at dei anten er eit einskild substantiv i bunden form (som på norsk), eller denne adjektiv + substantiv-greia - men her er ingen inkonsistensar (ingen Den + adjektiv + substantiv). Sjå òg bokmålsnamna på denne lista frå astronomi.no. Njardarlogar 27. oktober 2011 kl. 19:17 (CEST)[svar]
Omsetjinga er nok eldre enn frå engelsk - latin, gresk, hebraisk og babylonsk, vil eg heller tru. I den nye bibelomsetjinga står det Store bjørn, men kor dei har funne det namnet, veit eg ikkje («Fører du stjernebileta fram i rett tid, leier du Store bjørn og dei små bjørnane?» Job 38,32). Eg er samd med Njardarlogar at dette må vere opp til eiga språkkjensle. Sjølv meiner eg at norsk namneskikk tilseier eitt ord ved slike høve, altså Storbjørnen/Storebjørnen/Storebjørn (jf «storoksen sleit seg»), Sørfisken (jf «Nordstjerna»). Er det nokon som kjenner andre døme frå nynorsk litteratur? Og kva for ord bruker dei nynorske lærebøkene? --Knut 27. oktober 2011 kl. 19:56 (CEST)[svar]
Almanakk for Noreg 2011 har «Vesle bjørn», «Store bjørn», «Store hund», «Den vesle løva», «Den nordlege krona» - ikkje særleg konsekvent namngjeving. Nei, vi må sjå til litteraturen! --Knut 27. oktober 2011 kl. 22:11 (CEST)[svar]
Typen «Storebjørn» tenkte eg faktisk ikkje på, det kling godt. Det ser òg ut til å vera nytta ein del, men det kan òg jo og vera samanblanding med «Store bjørn». Njardarlogar 27. oktober 2011 kl. 22:13 (CEST)[svar]

Eg trudde almanakken skulle vera ei god kjelde for stjernebildenamna, og at grunnen til dei uregelrette/inkonsistente namneformene var historiske. Dvs. tilsvarande at ein vanlegvis kallar «Det arabiske forbundet» «Den arabiske ligaen» på norsk, noe som er feilomsetjing av «league». --KRISTAGAα-ω 28. oktober 2011 kl. 11:20 (CEST)[svar]

Den nordlege krona og Den store bjørnen er båe frå dei opphavlege 48 stjernebileta av Ptolemaios, etter engelsk WP. Det ville soleis vore noko rart om dei skulle nytta ulik namnekonvensjon. Det er same kva uheldig at det ikkje er eit system i namna. Njardarlogar 28. oktober 2011 kl. 12:59 (CEST)[svar]
Ja, men da er spørsmålet om Wikipedia skal lage nye namn på stjernebilda, eller bare bruke dei som er i bruk. --KRISTAGAα-ω 28. oktober 2011 kl. 15:37 (CEST)[svar]
Det ville teke seg dårleg ut om me skulle finna på nye namn, men det er eg då heller ikkje samd i at me gjer. Alle namna som skapar vanskar er nærskylde, dei har same opphavet (og burde difor ha same oppsettet, slik som på andre språk).
Ein av dei tinga som motiverer meg, er at det synest som ingen målfolk/folk som arbeider med nynorsk språk har sett på desse namna, at dei som har skrive almanakken eigentleg ikkje har noko å støtta seg på utanom bokmålsnamna. Det at det finst inkonsistens utan grunn, styrkjer denne mistanken (og om dette er tilfellet, vert almanakken ei dårleg kjelda på dette punktet).
Det er dessutan slik at desse namna er sjeldan å sjå i bruk, i alle fall dei nynorske (sume av dei ser ikkje ut til å gje eit einaste treff på Google utanom Wikimedia-sider). Det gjer at me knapt kjempar mot bokheimen (litteraturen). Vidare kjem ingen av namna fr�� folkemunne. Njardarlogar 28. oktober 2011 kl. 16:48 (CEST)[svar]
Det er noko unorsk ved namna til mange av stjernebileta. «Orions belte», td., burde heller heite Orionsbeltet, etter same mønster som «Karlsvogna». Dette kan ha samanheng med at stjernebileta i ulik grad er nedfelt og rotfesta i norsk kultur. Somme namn har vi kanskje eit meir bokleg tilhøve til enn andre. Det er noko fjernt ved stjernene .... --Knut 28. oktober 2011 kl. 13:16 (CEST)[svar]
Orions belte er ikkje eit stjernebilde, det er ein asterisme. Orion er stjernebildet. --KRISTAGAα-ω 28. oktober 2011 kl. 15:27 (CEST)[svar]

Den nordlege krona, Den store bjørnen, Den store hunden, Den vesle bjørnen, og Den vesle hunden er brukte i Knut B. Aarseth: Astronomihandboka, Samlaget 1994. --85.167.164.144 28. oktober 2011 kl. 17:35 (CEST)[svar]

Det er også Den vesle løva og Den sørlege krona [1] 85.167.164.144 28. oktober 2011 kl. 17:51 (CEST)[svar]
Under oppslagordet «Bjørnane» skriv Norsk Allkunnebok om «Den store bjørnen» og «Den vesle bjørnen». Dei skriv også om «Krona» og «Løva». Prisverdig at Njardarlogar gjer dette arbeidet - og godt å sjå at arbeidet hans også står for eit kritisk spørsmål. For kritiske spørsmål må vi stille kvarandre, vi som har fått Folkeopplysningsprisen. --Knut 28. oktober 2011 kl. 18:00 (CEST)[svar]
Eg veit ikkje om kan ta på meg æra for so mykje arbeid i denne saka, det er nok godt fordelt. :-) Men det er gjævt å sjå at desse namna har so god støtta i bokheimen; det syner at eg ikkje var heilt på villspor, i minsto. So er vona at me har fått/får betre (ny)norske namn her på nn, og at me kan spreia desse i rolla som oppslagsverk. Njardarlogar 28. oktober 2011 kl. 18:24 (CEST)[svar]
Ja, det er ikkje for å vera kranglete eg spør om desse namna, det er bare det at eg vil at det skal vera korrekt. Da eg aldri har hørt desse formene før ville eg gjerne ha litt kjelder på dei. Nå kjem det kjelder, og det er bra. --KRISTAGAα-ω 29. oktober 2011 kl. 00:43 (CEST)[svar]

Kommun eller kommune?

Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt. :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:13 (CET)[svar]

Re: :KamikazeBot on nnwikt

Re:KamikazeBot on nnwikt

Thx! Best regards, Karol007 (talk) 1. mars 2012 kl. 19:12 (CET)[svar]

Invitation to events in June and July: bot, script, template, and Gadget makers wanted

I'm sorry, but I only speak English.

Hello! I invite you to the yearly Berlin hackathon, 1-3 June. Registration is now open. If you need financial assistance or help with visa or hotel, then please register by May 1st and mention it in the registration form.

This is the premier event for the MediaWiki and Wikimedia technical community. We'll be hacking, designing, teaching, and socialising, primarily talking about ResourceLoader and Gadgets (extending functionality with JavaScript), the switch to Lua for templates, Wikidata, and Wikimedia Labs.

We want to bring 100-150 people together, including lots of people who have not attended such events before. User scripts, gadgets, API use, Toolserver, Wikimedia Labs, mobile, structured data, templates -- if you are into any of these things, we want you to come!

I also thought you might want to know about other upcoming events where you can learn more about MediaWiki customization and development, how to best use the web API for bots, and various upcoming features and changes. We'd love to have power users, bot maintainers and writers, and template makers at these events so we can all learn from each other and chat about what needs doing.

Check out the the developers' days preceding Wikimania in July in Washington, DC and our other events.

Best wishes! - Sumana Harihareswara, Wikimedia Foundation's Volunteer Development Coordinator. Please reply on my talk page at mediawiki.org. Sumanah (diskusjon) 6. april 2012 kl. 05:02 (CEST)[svar]

NjardarBot @ is.wiki

Your bot was deflagged a while back (1. july 2010) due to inactivity. Your bot has made one edit today on is.wiki. If you are planning to start running the bot on is.wikipedia again, then please re-apply for an bot flag. No test edits are needed.--Snaevar (diskusjon) 24. april 2012 kl. 22:01 (CEST)[svar]

mühlviertlerisch

Mühlviertlerisch er ein tysk dialekt, men eg fann ikkje eit norsk namn så difor nytta eg det tyske. Om du eller nokre andre veit kva eg kan omsetje det til hadde det vore fint å få vite. --AlexanderMG (diskusjon) 18. mai 2012 kl. 20:45 (CEST)[svar]

Eg finn ingen artikkel på korkje tysk eller engelsk wikipedia om mühlviertlerisch; det fekk meg til å stussa litt. D.e. det ville vore snålt å nemna at det var det fyrste bidrage eit visst målføre om det knapt skil seg frå målføra i nabokommunane; det er i det heile noko merkeleg å nemna at det er det fyrste bidraget på eit visst målføre. --Njardarlogar (ordskifte) 18. mai 2012 kl. 21:45 (CEST)[svar]
Bidraget er skriven på ein tysk dialekt og det er dimed korrekt å nemne dette. Det er òg fyrste gong ein nyttar denne dialekten i tevlinga, noko som òg godt kan verte nemt. Om ein ser på teksten ser ein at det ikkje er vanleg tysk. Dialekten er i fylgje Engelsk Wikipedia, diggiloo.net og esctoday.com mühlviertlerisch og kjem frå Mühlviertel i Austerrike. Mühlviertlerisch ser og høyres ikkje norsk ut, så om me hadde funne eit norsk namn hadde det vore fint, men å skrive at teksten er skriven på tysk vert feil. --AlexanderMG (diskusjon) 18. mai 2012 kl. 22:13 (CEST)[svar]
Poenget er at det finst eit utal tyske dialektar. Kvifor er det spesielt at dette bidraget er det fyrste på mühlviertlerisch? Har folk frå Mühlviertel delteke før utan å syngja på den lokale dialekten? Skil mühlviertlerisch seg sterkt frå andre tyske dialektar? Er det sjeldan at folk syng på dialekt i denne konkurransen?
Om dei er dei dei fyrste frå heimstaden sin til å vera med i konkurransen og syng på dialekten derfrå, er det jo berre logisk at dette er det fyrste bidraget på denne dialekten. --Njardarlogar (ordskifte) 19. mai 2012 kl. 09:57 (CEST)[svar]
Det er ikkje vanleg at ein syng på ein spesiell dialekt i tevlinga. De aller aller fleste syng songen slik han er skrive utan bruk av ulike dialektar, men det kan jo selføleglig fårekomme bruk av dialektar når ein syng sjølv om bidraget til dømes er skrive på bokmål. Det som gjer bidraget spesielt er at det er skrive på ein dialekt og blir framført på denne dialekten. Det er ikkje vanleg og har berre vorte gjort nokre få gonger tidlegare. Norske bidrag har tidlegare vorte skrive på bokmål, men det kan godt vere at han som har framført har sunge litt på sin eigen dialekt. Hadde bidraget vorte skrive på trøndersk hadde det òg vorte oppført med trøndersk som språk, ikkje norsk, sjølv om trøndersk er ein norsk dialekt. --AlexanderMG (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 10:14 (CEST)[svar]
I det fall bør det fokuserast på at bidraget er på dialekt, ikkje at det er på mühlviertlerisch (sjølv om det sjølvsagt er relevant å nemna). --Njardarlogar (ordskifte) 19. mai 2012 kl. 11:28 (CEST)[svar]
Ja, det er klårt. Kan skrive litt om på nokre setningar i artiklane der dialekten er nemnt. --AlexanderMG (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 11:53 (CEST)[svar]

Introduksjon

Hi. I created the article about Australian singer Kylie Minogue and I would like to improve the introduction. Is it possible to correct the following text?

Kylie Ann Minogue (fødd 28. mai 1968 i Melbourne i Australia) er ein australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Etter å ho byrja ein karriere som skodespelar på australsk fjernsyn, oppnådde ho heider gjennom rolla hennar i den australske såpeoperaen "Neighbours", før dei byrjar karrieren hennar som musikar i 1987. Debutalbumet hennar, "Kylie" (1988), og singelen «I Should Be So Lucky», nådde både førsteplass i Storbritannia.

Minogue freista å formidle ein meir moden stil i musikken hennar og offentlege biletet. Singela hennar vart godt motteke, men etter fire album hennar salet var synkende, og ho forlét Stock Aitken Waterman i 1992 å etablere seg som ein sjølvstendig utøvar. Den neste singelen hennar, «Confide in Me», nådde førsteplass i Australia og var ein hit i fleire europeiske land i 1994, etterfulgt av duetten med Nick Cave «Where the Wild Roses Grow». Med inspirasjon frå ei rekkje musikalske stilar, tok Minogue kreativ kontroll over låtskriving for hennar neste album, "Impossible Princess" (1997).

Minogue tilbake til prominens i 2000 med singelen «Spinning Around» og danse-orienterte albumet "Light Years", og ho opptredde under avslutningsseremonien i Sommar-OL 2000. Hennar musikkvideoar viste ein meir seksuelt provoserande og flørta personlegdom og fleire singlar følgde. «Can't Get You Out of My Head» nådde førsteplass i meir enn 40 land, og albumet "Fever" (2001) var ein hit i mange land inkludert USA, eit marknad hvor Minogue hadde tidlegare fått lite heider.

Kylie Minogue har selt over 68 millionar album på verdsbasis, og har motteke høgthengande prisar, inkludert fleire ARIA og Brit Awards, og ein Grammy Award. I 2008 vart ho utnemnt til offiser av Order of the British Empire i Buckingham Palace for det langvarige arbeidet hennar med musikk.

Takk! :) -- Hypuxylun (diskusjon) 16. juli 2012 kl. 04:30 (CEST)[svar]

Hello there. I do neither proofread nor translate on request. --Njardarlogar (ordskifte) 16. juli 2012 kl. 19:31 (CEST)[svar]

Brukar:Innocent iwbot

Är det någon särskild anledning som gör att min robot blev undantagen från IP-blockering igår? Det är ingen toolserverbot, utan jag sitter på dynamisk ADSL genom TeliaSonera i Sverige. -- Lavallen (diskusjon) 28. juli 2012 kl. 19:43 (CEST)[svar]

Ups, det var autopatrol eg tenkte på. --Njardarlogar (ordskifte) 28. juli 2012 kl. 22:49 (CEST)[svar]
Ok, det låter mer logiskt! -- Lavallen (diskusjon) 29. juli 2012 kl. 12:49 (CEST)[svar]

MERCI

You have to change my status in your encyclopedia, a contributor who does not speak your language. This was a genuine pleasure for me and I thank you. This engourage me to continue. --Archaeodontosaurus (diskusjon) 8. august 2012 kl. 09:50 (CEST)[svar]

Yeah, your status was set to 'autopatrol'. Captions using the latin name of a species are OK (but we do not want any English text added; that is likely to get reverted). --Njardarlogar (ordskifte) 8. august 2012 kl. 11:02 (CEST)[svar]

Masseendring av kategorinamn

Hei hei! Eg lurar litt på om boten din kan gjere noko for meg. Eg ynskjer å endre namn på «Kategori:Byar grunnlagde i/på...» til «Kategori:Busetnader grunnlagde i/på...». Det er snakk om særs mange kategoriar som må endrast, og meiner å hugse at Bep gjorde noko liknande i si tid, og at han sa det likevel vart mykje manuelt arbeid for han, sjølv om han brukte boten sin til hjelp. Så om eg minnest rett, så kan eg gjere det sjølv :) --Frokor (diskusjon) 17. august 2012 kl. 06:57 (CEST)[svar]

Det skal ikkje krevja so mykje manuelt arbeid, men det ser ut til at eg lyt skriva eit lite program sjølv sidan det relevante standardprogrammet i Pywikipedia ikkje når heilt fram. Eg reknar med at eg får flytt kategoriane ein gong i løpet av dagen. --Njardarlogar (ordskifte) 17. august 2012 kl. 11:31 (CEST)[svar]
Tusen takk! Har ingen hastverk, men hadde vore kjempeflott om du hadde gjort det. Går ut frå at når du først har programmet så kan det nyttast om att? --Frokor (diskusjon) 17. august 2012 kl. 11:48 (CEST)[svar]
Jepp, det vil verta fleksibelt, og kan nok utvidast til vanlege sider òg, utan for mykje ekstraprogrammering. --Njardarlogar (ordskifte) 17. august 2012 kl. 12:01 (CEST)[svar]

Det er mogeleg det ville vore best å ha ein robot for slettejobbar, lurer på om ikkje det ville gøyma slettingane frå siste endringar. --Njardarlogar (ordskifte) 17. august 2012 kl. 13:21 (CEST)[svar]

Kunne det vere mogleg å gjere ein bot-operasjon med dei norske kommunekategoriane, slik at desse også får endinga «...- kommune» slik som artiklane? --Fredrasa (diskusjon) 17. august 2012 kl. 16:16 (CEST)[svar]
Det kan òg fiksast, men då lyt eg programmera litt meir. Eg kjem attende til det. --Njardarlogar (ordskifte) 17. august 2012 kl. 16:31 (CEST)[svar]
Kjempeflott at du tar deg av dette! Dersom eg skulle gjort dette manuelt hadde det nok tatt meg resten av året! :-) Køyrer du roboten gjennom alle fylka, kan eg ta meg av den siste «finpolishen» i dei kommunane som er litt vanskelege å flytte til korrekt namn.--Fredrasa (diskusjon) 18. august 2012 kl. 23:21 (CEST)[svar]
Eller, om du tar kommunane Kvam, Ullensvang og Ulvik og flyttar frå kommune til herad, så treng eg ikkje det heller. :-)--Fredrasa (diskusjon) 18. august 2012 kl. 23:23 (CEST)[svar]
Eg vonar etterrøkting ikkje vert naudsynt, eg trur dei fleste unnataka er med no. Men boten køyrer vidare, so me får sjå ;-). --Njardarlogar (ordskifte) 18. august 2012 kl. 23:30 (CEST)[svar]

Då var det gjort. Kan ikkje utelukkast at det finst fleire av typen Kategori:Svolvær kommune. --Njardarlogar (ordskifte) 19. august 2012 kl. 12:29 (CEST)[svar]

I need your help

Dear Njardarlogar, I am very sorry that my article Israel Tsvaygenbaum had a problem. I made changes as you suggested at Brukar:Boxes12/Israel Tsvaygenbaum. I need your help. Would you please kindly agree to edit it? If the article is fine, may you please put it back to the main site? Please let me know. Thank you. Best wishes, Boxes12 (diskusjon) 10. oktober 2012 kl. 22:05 (CEST)[svar]

The article is still in Bokmål. It is clear that you have no knowledge of Nynorsk, so you should refrain from creating articles here until that has changed. I do not translate articles on request; that is a matter of principle. --Njardarlogar (ordskifte) 10. oktober 2012 kl. 22:28 (CEST)[svar]
Dear Njardarlogar,
Thank you very much for your prompt response. Yes, you should not compromise with your principle. I meant to say if you could kindly agree to fix some sentence(s) as need it. I did not mean to ask you write a new article from the scratch. Sorry if I gave you a wrong impression. Can I move my article from Brukar:Boxes12/Israel Tsvaygenbaum to the main space? Thank you again.
Best wishes, Boxes12 (diskusjon) 11. oktober 2012 kl. 14:32 (CEST)[svar]
The thing is, the article is not in poor Nynorsk - except from one word, it isn't really in Nynorsk at all. Thus I would effectively be translating it myself. The intentions may be the best, but people dumping machine translations into Bokmål here is a common an unwanted occurence. Njardarlogar

(ordskifte) 11. oktober 2012 kl. 16:59 (CEST)[svar]

Dear Njardarlogar,
It is shameful that I only got one word right in Nynorsk. I am very sorry that people like myself take a lot of you time to clean the machine translations. I promise that in the future I never will to do that kind of thing. Regarding my article Israel Tsvaygenbaum, I do not know what to do. It seems to me without your help, I am hopeless. Sorry again.
Best, Boxes12 (diskusjon) 11. oktober 2012 kl. 18:07 (CEST)[svar]
Otherwise someone else decides to translate it, or you decide to learn Nynorsk; nothing will happen to it, indeed; though your subpage will not be deleted. Regards, --Njardarlogar (ordskifte) 11. oktober 2012 kl. 19:56 (CEST)[svar]
Okay, I took a pinch of pity and created the article. I've seen much, much worse with plenty more work to do. --Ranveig (diskusjon) 11. oktober 2012 kl. 22:39 (CEST)[svar]

autopatrolled

Takk for dette! Med vennlig hilsen, --Cekli829 (diskusjon) 18. oktober 2012 kl. 06:05 (CEST)[svar]

Sofus135

Hei! Blokker han! Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 24. november 2012 kl. 22:56 (CET)[svar]

Det er litt drastisk. Endringane hans ser ut til å halda seg til det han sjølv har skrive. Det kan liggja føre gode grunnar til sletting for alt eg veit. Eg freistar å få han i tale. -- Njardarlogar (ordskifte) 24. november 2012 kl. 22:59 (CET)[svar]

‎8989soksie

Hei. Fint om du kunne blokkere denne brukeren. Dette er sannsynligvis en sokkedukke fra nb, kommer med usanne opplysninger på Torvet og hevder at navngitte administratorer er døde, lager hærverk på mange prosjekter. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 29. november 2012 kl. 17:46 (CET)[svar]

Her gjekk det for seg, ja. -- Njardarlogar (ordskifte) 29. november 2012 kl. 18:14 (CET)[svar]

Why do you blocked user:MerlIwBot?

You blocked my bot user:MerlIwBot. Why? Which edit was wrong? This night my bot automatically detected that wikibase client was enabled on this wiki. But there are still many langlinks that must be added or removed locally. I am running my own java interwiki bot and not pwb. Merlissimo (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 10:55 (CET)[svar]

Your bot's purpose after Wikidata is not described anywhere, so it is hard to tell if it is necessary. --Njardarlogar (ordskifte) 7. mars 2013 kl. 11:06 (CET)[svar]
Currenlty Wikidata kan only link to "normal" local article. But there can be also langlinks to static redirects or anchors locally which can not be covered by wikidata. Also the targets of langlinks local langlinks can be deleted or moved. These local langlinks must be removed. My bot also creates new wikidata items for article, template and category namespace. Other namespaces are currently not added automatically by bots. If there is no existence iwkidata item the bot will add langlinks locally.
I am runnig my own framework since years. So MerlIwBot is a special case. All other interwikibots are using the python framework. Thanks for unblocking. Merlissimo (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 11:23 (CET)[svar]

EmausBot block

Hello! My bot uses daily updates from SVN, but if this update goes before the new revision appearence in SVN, then my bot uses the old revision. And today I cann't check the current revision of my bot, so I don't object to this temporary block. Emaus (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 13:05 (CET)[svar]

Ok. The block will automatically expire in 3 days. --Njardarlogar (ordskifte) 7. mars 2013 kl. 14:34 (CET)[svar]

Hei! Eg ser du har endra i navboksmalen. Sjå korleis det blir i t.d. Mal:Noreg i 1814. Korleis kan eg endra han slik at han blir lukka slik han skal vere? Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 18:46 (CET)[svar]

Ups. Det var ein glepp, no skal det verka. --Njardarlogar (ordskifte) 7. mars 2013 kl. 18:49 (CET)[svar]
Takk! Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 7. mars 2013 kl. 18:55 (CET)[svar]

Namneskifte?

Takk for gode råd om Wikidata og tips om brukaridentitet. Eg registrerte meg som TU på bokmål og nynorsk før eg i det heile hadde tankar om global konto. Då eg oppdaga behovet for global konto, vart det verre, for TU var oppteken på engelsk. Eg oppretta ein ny, global konto, men eg ville gjerne halde fram lokalt med den kontoen eg var kjend under. Det synte seg at eg ikkje klarte å handtere dette så bra. Kvar gong eg hadde logga meg på med den globale kontoen og skulle heim att til nynorsk, måtte eg hugse å logge ut og inn att med den lokale, og slikt er ikkje så lett for gamle folk å hugse. Dermed endte det med at eg held meg til min gamle konto og gjorde det som skulle gjerast globalt som IP-brukar, med dei ulempene det medfører. (På den andre sida har eg på den måten vore med på å kjempe for tesen om at IP-brukarar òg (som oftast) er menneskelege.)

Men no vil eg likevel gjerne bli global, ikkje minst fordi eg lagar ein del nye artiklar og dermed ofte vil ha bruk for å bruke Wikidata. Det ser ut til at TU ikkje vil gå så bra sjølv om eg får kontroll over engelsk TU, for då eg prøvde å lage kontoen TU på Wikidata, fekk eg beskjed om at det var for likt Tü, som er i bruk der. No meiner eg òg å hugse at eg fekk det same svaret då eg prøvde å lage ein global konto T*U.

Det ser dermed ut til at det enklaste vil vere å overføre all aktivitet til den globale kontoen eg alt har, TU-nor. Men då kjem premiespørsmålet: Er det mogleg å overføre den gamle redigeringshistoria frå TU til TU-nor, slik at all den historiske aktiviteten min er samla på en stad? Eller må eg leve med at eit tidlegare liv står på ei anna liste? Beste helsing frå (til så lenge) --T*U (diskusjon) 13. mars 2013 kl. 14:02 (CET)[svar]

Eg eller Frokor kan døypa om Brukar:TU til TU-nor, ja. Skal me gjera det? --Ranveig (diskusjon) 13. mars 2013 kl. 14:11 (CET)[svar]
Dersom det fører til at alle min aktivtet som TU (og TU-nor) vert ståande som ein brukar, så ja takk! Helsing (frå no av) --T*U (diskusjon) 13. mars 2013 kl. 14:23 (CET)[svar]
Utført. Det er mogleg du må binda saman den globale kontoen på nytt att ettersom TU-nor allereie hadde dukka opp her, men nå er i det minste historikken samla ein stad. --Ranveig (diskusjon) 13. mars 2013 kl. 14:39 (CET)[svar]

Det ser ut til at dette løyste seg medan eg var borte; flott. :-) --Njardarlogar (ordskifte) 22. mars 2013 kl. 19:38 (CET)[svar]

Boten din

Hei. Har boten din høve til å legge inn {{Årstal}} øvst i alle årstalsartiklar frå -99 og fram til i dag? --Frokor (diskusjon) 27. mars 2013 kl. 22:19 (CET)[svar]

Jau, det kan lata seg gjera. Eg byrjar på det i morgon. --Njardarlogar (ordskifte) 27. mars 2013 kl. 23:17 (CET)[svar]
Takk. Og berre om det ikkje vert for mykje styr osv. --Frokor (diskusjon) 27. mars 2013 kl. 23:42 (CET)[svar]

Då var strekkja -99 til 2013 dekt. --Njardarlogar (ordskifte) 28. mars 2013 kl. 13:51 (CET)[svar]

Kjempe. Takk for hjelpa! --Frokor (diskusjon) 28. mars 2013 kl. 16:07 (CET)[svar]

Wikidata

Eg veit ikkje om du har sett javaskriptet som Anne-Sophie Ofrim tipsa meg om. Eg har det mellom anna her. Det er eit særs nyttig verktøy som syner ei wikidatalenkje (eller mangelen på ho) like under sidetittelen. Kanskje me skulle lagt denne til som ein tilleggsfunksjon slik at alle får lett tilgang? Det vil kanskje gjere terskelen lågare for å få mindre erfarne brukarar til å legge inn IW-lenkjer på Wikidata. --Frokor (diskusjon) 29. mars 2013 kl. 21:11 (CET)[svar]

God ide å legge det inn så alle får tilgang.--Andreasv (diskusjon) 29. mars 2013 kl. 21:15 (CET)[svar]
Hm, den lenkja går jo til oppretting av nytt datasett om artikkelen ikkje er tilkopla; og det er jo ikkje nett det same. Eg trur kan henda ei modifisert utgåve hadde gjort seg betre. --Njardarlogar (ordskifte) 29. mars 2013 kl. 21:26 (CET)[svar]
Ja, eg tenkte på ei modernisert utgåve òg, men så lenge artikkelnamnet er på norsk, så vil ein måtte gjere eit søk på Wikidata. Ta bombekaster t.d. Ein vil jo uansett måtte søke seg fram til mortar på Wikidata. Men om artikkelen alt er lagt inn på Wikidata, så kan det seinare vere nyttig å ha ei slik lenkje når ein skal byrje å leggje inn alt slags mogeleg data der. --Frokor (diskusjon) 29. mars 2013 kl. 22:04 (CET)[svar]
Men som valfri tilleggsfunksjon kan han jo sjølvsagt leggjast til utan vidare. --Njardarlogar (ordskifte) 29. mars 2013 kl. 21:28 (CET)[svar]
Eg legg han til eg då. --Frokor (diskusjon) 29. mars 2013 kl. 22:04 (CET)[svar]
Eg la til nynorske omsetjingar. Ein kunne koma i dialog med Yair rand, opphavsmannen, om endring av verkemåte. --Njardarlogar (ordskifte) 29. mars 2013 kl. 23:47 (CET)[svar]
Ja, det vert bra. --Frokor (diskusjon) 30. mars 2013 kl. 00:19 (CET)[svar]
Eg kom til å tenkja på at eit oppsett som dette er lova (merk særleg bilete nr. 2), men kor tid det kjem på plass er uvisst.
Me kan dessutan eksperimentera med MediaWiki:Editnotice-0. --Njardarlogar (ordskifte) 30. mars 2013 kl. 13:59 (CET)[svar]
Verkar lovande. Blir bra etter kvart det her. --Frokor (diskusjon) 30. mars 2013 kl. 15:18 (CET)[svar]

Infoboksar og wikidata

Det er kanskje tidleg enno, men eg har tenkt litt på korleis det kan hentast utsegner (properties) frå Wikidata til infoboksar og ymse anna. Det er ein smal sak når det eksisterer data på Wikidata ({{#property:p31}}), men kva når det ikkje gjer det? Veit du om det finst ein kode som tilsvarar den lokale #if-funksjonen slik at eit felt vert vist i ein infoboks her om det eksisterer eit visst utsegn på Wikidata, men vert skjult om det ikkje finst? Eller må ein til med lua då? Mogeleg at det ligg info om slikt ein stad, men eg har ikkje funne noko om det enno. --Frokor (diskusjon) 5. mai 2013 kl. 11:56 (CEST)[svar]

Kva med {{#if:{{#property:p31}}|{{#property:p31}}|data frå anna kjelde/ingenting}}? --Njardarlogar (ordskifte) 8. mai 2013 kl. 13:13 (CEST)[svar]
Ja, eg trur faktisk det er så enkelt. Ein infoboks vil då vise feltet om det finst på Wikidata, og ikkje om han ikkje finst. Driv og lagar det til slik no for Tippeligaklubbane at infoboksen (og ei setning i teksten) hentar kven som er hovudtrenar for klubben frå Wikidata. Det er typisk slikt som kan vere fleire år utdatert i artiklane våre. Fungerer glimrande, så ser fram til det kjem talverdiar på Wikidata òg til folketal og den slags. --Frokor (diskusjon) 8. mai 2013 kl. 13:23 (CEST)[svar]

Nytt spørsmål: Kva gjer ein når ein hentar eit datasett på Wikidata som er fleirtydig? Sidan det berre er i skildringa og ikkje i utsegnet ein viser at datasettet er fleirtydig, så vil ikkje ei lenkje til [[{{#property:XX}}]] hos oss syne til rett artikkel. Veit du om det finst noko måte å gjere det på slik at det vert rett? Eg har ein ide om korleis eg skal løyse det i infoboksane som hentar info frå Wikidata, men tenkjer òg at dette må vere eit globalt problem som kanskje finst ei enkel løysing på? --Frokor (diskusjon) 29. mai 2013 kl. 11:58 (CEST)[svar]

Funksjonen går vel etter kva datasett artikkelen er kopla til, slik at det ikkje vert nokon vanske her. Om eg skjøner deg rett. --Njardarlogar (ordskifte) 29. mai 2013 kl. 20:58 (CEST)[svar]
Eg kan forklare med eit døme. Sett at me har ein artikkel om FK Fotballklubb og for å gjere det lettare å halde artikkelen oppdatert, hentar infoboksen t.d. kven den noverande trenaren er automatisk frå Wikidata. Trenaren heiter t.d. Ole Hansen. På Wikidata-sida til FK Fotballklubb er utsegnet {{#property:P285}} (eller «Hovudtrenar») derfor lik Ole Hansen. Infoboksen hentar P285 frå wikidata og det vert oppretta ei internlenkje til artikkelen vår om trenaren. Dette er jo så langt strålande, fordi artikkelen om FK Fotballklubb alltid vil vere oppdatert på det området så lenge Wikidata er oppdatert. Problemet er at artikkelnamnet «Ole Hansen» er ei fleirtydingsside på NN-wiki, medan artikkelen vår om fotballtrenaren ligg under artikkelnamnet «fotballtrenaren Ole Hansen». Infoboksen lenkjar til «Ole Hansen», fordi det er dette merkelappen er i Wikidata. Alle datasett for alle Ole Hansen-artiklane vil ha merkelappen «Ole Hansen», fordi det er i skildringa under ein skriv det som skil dei frå kvarandre. Spørsmålet eg prøvde å stille var altså om det er mogeleg å få lenkja til rett artikkel på NN-wiki via Wikidata når artikkelnamnet er fleirtydig. Håpar det vart tydlegare kva eg meinte. :) --Frokor (diskusjon) 29. mai 2013 kl. 21:55 (CEST)[svar]
Eller enno enklare er kanskje om du ser på Ranheim Fotball. Her er heimebanen i infoboksen henta frå Wikidata. Om du ser på Ranheim på Wikidata vil du sjå at heimebanen er DNB Arena, og klikkar du på den lenkja i Wikidata kjem du til DNB Arena der IW-lenkja til NN går til DNB Arena i Ranheim. I infoboksen kjem ein derimot berre til fleirtydingssida DNB Arena fordi koden i infoboksen er [[#property:P115]]. Det går sjølvsagt an å løyse ved å legge det inn manuelt i infoboksen, men med så mange fleirtydinssider som finst i Wikipedia-universet, syns eg det er rart om det ikkje er eller ikkje vil kome ei løysing som lenkjar til rett artikkel. --Frokor (diskusjon) 29. mai 2013 kl. 22:02 (CEST)[svar]
Då er eg med. Det veit eg ikkje, eg spør her. --Njardarlogar (ordskifte) 30. mai 2013 kl. 07:12 (CEST)[svar]
Det er vonleg på veg, ja. --Njardarlogar (ordskifte) 30. mai 2013 kl. 17:25 (CEST)[svar]
Takk for svar. Det er slike ting ein først oppdagar når ein byrjar å bruke systemet. --Frokor (diskusjon) 30. mai 2013 kl. 22:26 (CEST)[svar]

Misbruksfiltet

Kan du sjå på misbruksfilter 10 som eg la inn? Det verkar som det blokkerte alle ikkje-godkjende brukarar? --Frokor (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 13:23 (CEST)[svar]

Er det mogeleg ved hjelp av misbruksfilteret eller på annan måte å for ein periode blokkere vandalen som har IP-adresse som byrjar på 117?
Eg skal sjå på dei ulike tinga; men har reisedag både i dag og i morgon, so uvisst kor mykje eg får til med det fyrste. --Njardarlogar (ordskifte) 12. mai 2013 kl. 13:29 (CEST)[svar]
Det er heilt greit :) --Frokor (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 13:33 (CEST)[svar]

Svaret på det fyrste spørsmålet ditt er ja. Misbruksfilteret slår ut når filteret returnerer 'Sant' (True), og ikkje-tomme strenger er alltid Sant, slik at streng | streng i line alltid vert Sant. Det einaste andre kravet som galdt då, var at brukaren ikkje var automatisk stadfest. Eg gjorde eit par andre endringar òg, mtp. store og små bokstavar, som filterert er sensitivt for. --Njardarlogar (ordskifte) 12. mai 2013 kl. 13:39 (CEST)[svar]

Ok, eg forstod det no :) --Frokor (diskusjon) 12. mai 2013 kl. 13:54 (CEST)[svar]

Koordinatar.js

Hei, eg får ikkje dette til å verke her (verkar fint med same utstyr/oppsett på nb. Sidan det er du som har skrive Hjelp:Koordinatar.js tenkte eg at du kanskje var mannen å spørje om hjelp. Mvh Finn Rindahl (diskusjon) 23. juni 2013 kl. 13:04 (CEST)[svar]

Truleg var koden utdatert. Eg tok ei rask oppdatering frå nb; sei ifrå om noko framleis er i ustand. --Njardarlogar (ordskifte) 23. juni 2013 kl. 13:24 (CEST)[svar]
Verkar fint no, takk skal du ha. Finn Rindahl (diskusjon) 23. juni 2013 kl. 14:21 (CEST)[svar]

DanmicholoBot

Hei! Jeg godkjente en endring gjort av botten til Dan Michael, ler.. Kan du gi han tillatelse til å kjøre botten sin her på nn eller må han be om det selv? Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 29. juli 2013 kl. 15:08 (CEST)[svar]

Eg reknar med det er bottflagg du tenkjer på? Det lyt ein av byråkratane gje - Ranveig eller Frokor. --Njardarlogar (ordskifte) 29. juli 2013 kl. 18:58 (CEST)[svar]
Han kan spørja her: Wikipedia-diskusjon:Robotar. --Ranveig (diskusjon) 29. juli 2013 kl. 20:03 (CEST)[svar]

Translation requests into Nynorsk

Hello Njardarlogar, I am a member of the international team of Wiki Loves Monuments who takes care of the upload campaigns used with the picture contest Wiki Loves Monuments next month. For these upload campaigns we need to translate some templates into various languages so that as much as possible people can participate in their own language. My question is if you can have a look at Wikipedia:Samfunnshuset#Translation_requests_into_Nynorsk where I posted a message with specific lines to translate into Nynorsk. Maybe I didn't wrote it on the right place but can you have a look at it for me and translate it? Thanks! Romaine (diskusjon) 4. august 2013 kl. 15:10 (CEST)[svar]

Fødd- og levdemal

Hei, hadde det vore mogeleg å la malen hente inn datoane frå Wikidata når dette finst? T.d. at ein berre skreiv inn {{levde-lua}} og det var det? --Frokor (diskusjon) 16. august 2013 kl. 18:56 (CEST)[svar]

Det skal absolutt vera mogeleg. Eg skal eksperimentera med det. --Njardarlogar (ordskifte) 17. august 2013 kl. 10:04 (CEST)[svar]
Skal skal {{fødd-lua}} kunna henta informasjon frå Wikidata. Eventuell lokalt oppgjeven fødedato overstyrer den frå Wikidata. --Njardarlogar (ordskifte) 18. august 2013 kl. 23:11 (CEST)[svar]
Stilig. :) --Frokor (diskusjon) 19. august 2013 kl. 00:10 (CEST)[svar]

Wikipedia Academy 2013

Hei ! Jeg håper å se deg på årets Wikipedia Academy som arrangeres lørdag 14. desember på Arkitekturmuseet i Oslo. Styret har forespurt mange enkeltpersoner om programønsker, og forespurt hele nettsamfunnet gjennom innlegg på ting og torg. Vi har utfra dette lagt opp til et variert program med mange tema som forhåpentlig treffer wikipedianere. Vi skal se nærmere på, og diskutere, Wikidata, Visual Editor, botproduksjon, bruk av frie kartdata, kultursamarbeidet, wikipedianere som er utplassert i institusjoner, og vi skal få en presentasjon av den mye omtalte artikkelen om The decline of Wikipedia. Blant mange spennende foredragsholdere har vi hentet flere fra interne Wikipedia-rekker, men også eksterne foredragsholdere som vil rette sine blikk på Wikipedia utenfra. Det blir premiering av Årets wikipedianer og av vinnerne i Wiki Loves Monuments 2013. Etter akademiet går vi rett videre til årets Julebord, på Gamle Rådhus. Se det varierte programmet her. Lørdag 14. desember kan du treffe dine kolleger på Norges største kunnskapsdugnad! Vennlig hilsen, Bjoertvedt (diskusjon) 16. november 2013 kl. 02:24 (CET)[svar]