Hopp til innhald

Arp 299

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. desember 2013 kl. 10:49 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna skanwikikommentar)
Hubble-bilete av Arp 299.

Arp 299 (ber òg nemningane NGC 3690, IC 694, Mrk 171, VV 118 og KPG 288) er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 150 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Den store bjørnen. Galaksane gjennomførde ei nærpassering for rundt 700 millionar år sidan som førde til eksplosiv stjernedanning. I dei rundt siste 15 åra har heile seks supernovaer blitt oppdaga i dei ytre delane av galaksane, noko som gjer dei til eit særmerkt system for supernovadanning. Arp 299 høyrer til dei ultralyssterke infraraude galaksane. Arp 299 er òg lyssterk i det ultrafiolette, og er nummer 171 i B. E. Markarian sin katalog over galaksar med kraftig ultrafiolett utstråling.

Kjelder